Jane Wiedlin

Jane Wiedlin

Jane Wiedlin i Philadelphia i 1988
Fødd20. mai 1958 (66 år)
FødestadOconomowoc i Wisconsin i USA
FødenamnJane Marie Genevieve Wiedlin
AliasJane Drano, Reverend Sister Go-Go
OpphavUSA
AktivSidan 1978[1]
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • vokal
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • låtskrivar
  • skodespelarinne

Jane Marie Genevieve Wiedlin (fødd 20. mai 1958) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar og skodespelar, mest kjend som opphavleg medlem, rytmegitarist og korvokalist i new wave-bandet The Go-Go's. Wiedlin har òg hatt ein suksessrik solokarriere.

The Go-Go's vart eit av dei mest populære amerikanske banda i 1980-åra og var med å gjere new wave populært med hittar som «We Got the Beat», «Our Lips Are Sealed» og «Vacation». Som soloartist hadde ho den største hitten sin med songen «Rush Hour», som nådde niandeplassen på Billboard Hot 100. Som skodespelar har ho hatt små roller som syngande telegramjente i filmen Clue (1985) og som Jeanne d'Arc i Bill & Ted's Excellent Adventure (1989).

Som medlem av The Go-Go's fekk Wiedlin ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Ho og bandet vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 30. oktober 2021.

  1. «Biographies». GoGos.com. Arkivert frå originalen 7. mars 2008. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search